Skjåportrett fra Varanger

Akvarellutstillingen «Skjåportrett fra Varanger» av Evy Kleveland (Ekkerøy) vises i Esbensengården i sommer.

Kunstneren sier følgende om utstillingen:

«Det er mange gamle hus, naust og skjåar som står i fare for å forsvinna langs Varangerfjorden. Dei fleste er ikkje i bruk lenger, vert ikkje tatt vare på og vil etter kvart forfalla meir og meir. For mange er skjåane ein del av landskapet; dei har vore her i manns minne, dei vert ikkje spesielt lagt merke til og når dei er borte, er det få som saknar dei. Eg ønskjer å avbilda bygningane i mitt nærområde, og gjera folk merksame på at dei finst.

I løpet av 2015 har eg malt nærmare 40 akvarellar av bygningar i eit område med utstrekning på om lag to mil, og eg er enno ikkje ferdig; det gjenstår sikkert 10 skjåar. I løpet av tida som har gått, er to hus rivne!

Eg malar ute i friluft og har fått kjenna både regn, skodde, mygg, sol og frost på kroppen og vonar at naturopplevingane også viser seg i bileta.»

Salgsutstillingen på Esbensengården er åpen fra 18. juni til 14. august, tirsdag – søndag kl. 11-17.