Varanger museum mottok i går den gode nyheiten om at Arkivverket har løyvd til saman kr. 885.000 i utviklingsmidlar til to prosjekt under paraplyen Varangerarkiver. Dette betyr at arkivet etter Vardø fiskersamvirkelag og arkiv knytt til kvensk/norskfinsk historie og kultur blir ordna og gjort tilgjengeleg på digitalarkivet ved slutten av 2021.
Midlane er svært viktige for å kunne halde fram med det viktige arkivarbeidet. I søknadsrunden fekk vi løyvd heile den omsøkte summen, kr. 465 000 til arkivet etter Vardø fiskersamvirkelag og kr. 420 000 til kvensk/norskfinsk historie og kultur.
Arkivet etter Vardø fiskersamvirkelag har eit omfang på 17 hyllemeter og er skapt i perioden 1946-1985. Arkivet er sårbart på grunn av tilstanden og muggskader er observert i arkivet. Vi ønskjer med prosjektet å legge til rette for forsking og formidling internt og eksternt og gjere arkivet digitalt tilgjengeleg for alle som ønskjer å bruke det.
Arkivet består av styreprotokollar, møteprotokollar, sak/korrespondanse, medlemsprotokollar, fiskejournalar, kladdar, timelister og rekneskapsmateriale. Det representerer svært viktig samfunnsdokumentasjon for ettertida. Vardø fiskersamvirkelag var ei av, og kanskje den viktigaste hjørnesteinsbedrifta i Vardø gjennom etterkrigstida. I eit samfunn som hadde fiskeri som hovudnæring dokumenterer arkivet primærnæringa. I tillegg er arkivet av stor verdi som samfunnsdokumentasjon over tilhøva som prega Vardø og dei tilhøyrande tettstadene etter 2. verdskrig, og ikkje minst dei økonomiske føresetningane for fiskeri og lokalbefolkning gjennom etterkrigstida og fram til midten av 1980-talet.
Kvensk/norskfinsk historie og kultur er tema for det andre prosjektet vi har fått støtte til. Store deler av arkivbestanden Varanger museum oppbevarer er knytt til kvensk/norskfinsk kultur. Mest av denne type materiale er oppbevart ved Vadsø museum – Ruija kvenmuseum. I prosjektet vil dette materialet bli systematisert, digitalisert og gjort tilgjengeleg på digitalarkivet.
Målet med prosjektet er å auke tilgangen til arkivmateriale knytt til kvensk/norskfinsk historie og kultur. Den overordna visjonen for prosjektet er større kunnskap om kvensk/norskfinsk historie: å betre tilgang til forskings- og formidlingskjelder internt og eksternt, og å gje kvener/norskfinnar eit større og meir variert kjeldegrunnlag til å forske og finne svar i kjeldemateriale knytt til si eiga historie.
Midlane vi fekk frå Arkivverket til dette prosjektet var søkt som delfinansiering til prosjektet. Her har vi også søkt kr. 180 000 frå Nasjonalt tilskot til kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur som blir forvalta av Troms og Finnmark fylkeskommune.
Vi ser no fram til å starte opp med det viktige arbeidet for å få gjort arkivmaterialet i begge prosjekta tilgjengeleg for alle!