Nye, handlaga vindauge på Slippen

Nye, handlaga vindauge på Slippen

Ei viktig utvikling med det gamle slippanlegget i Vardø gjev grunn til nærare merksemd. Det har nemleg nyleg blitt ferdigstilt fire nye vindauge og to inngangsportar på baksida av anlegget. 

Handverkar Bård Kostamo har utført arbeidet og starta opp med å lage vindauga i 2018. Kostamo driv eigen verkstad i Bergeby i Nesseby kommune og arbeider hovedsakeleg med restaurering av eldre vindauge og bygningsdeler. I ein telefonsamtale med Bård fekk vi høyre litt meir om korleis arbeidet har blitt utført.

Portane er restaurerte, der om lag halvparten av kvar port måtte skiftast ut med nytt materiale på grunn av råte. Her er det brukt same materialet som på originalane, furu i sjølve dørbladet og gran i kledninga. I tillegg er det produsert nye, handsmidde hengsler. Desse er produsert sørpå av ein smed tilknytt firmaet Molo AS. Ei original hengsle vart sendt sørover til smeden for reproduksjon, så smeden har hatt denne med seg i arbeidet med reproduksjonen.

Tradisjonelle arbeidsmetodar

Det er dei originale vindauga som har blitt brukt som modell til fire nye, reproduserte vindauge. Stort sett alt er handlaga og har vore tidkrevande arbeid. Arbeidsmetodane har i all hovudsak vore saging, handhøvling og bruk av stemjern. Vidare har han måla vindauga med linoljemaling og kitta glasa med linoljekitt, ein metode som var vanleg i den tida dei originale vindauga vart produsert. Den mekaniske verkstaden vart bygd i 1920-åra og utvida i 1948, 1963, 1971 og 1976. Verkstaden står i dag som den stod att i 1986 med alt utstyr, maskiner, og deler framleis intakt og vitnar om bruk av anlegget i tidlegare tider. Litt usikkert er det, om dei originale vindauga var produsert i gran eller i furu og ein manglar fotografiske kjelder som viser baksida av slippanlegget. Dette har vore ei av utfordringane med arbeidet, kan Kostamo fortelje. Dei nye vindauga er produsert av furu, både frå Kostamo si eiga materialsamling og furu kjøpt ved Asvo i Seida. Det har vore viktig med tettvakse materiale for å oppnå eit godt resultat.

Når vi no går for fullt mot vinter, er altså slippanlegget betre rusta for å bli bevart for framtida. Det er ein rikhaldig historie som ligg i anlegget. Historien bak den mekaniske båtverkstaden Slippen er ein viktig del av dei suksessrike handels – og forretningsfortellinger som sterkt har sett sitt preg på Vardø. Med vedlikehald av anlegget vil denne historien kunne leve vidare for komande generasjonar og ikkje minst til glede for innbyggarane i Vardø i dag.

Vardø Slipp er i dag i privat eige av Terje Bye. Varanger museum avd. Vardø forvaltar prosjekt knytt til vedlikehald av det viktige kulturminnet.

Les mer om Slippen og Einar II på facebook.