Museologistudent Karina Solheim forteller om praksis på Varanger museum.
Masterprogrammet kulturhistorie, museologi og kulturarv ved Universitetet i Oslo inneheld tre månaders praksis. Eit glimrande humaniora-studie som er usedvanleg arbeidslivs- og praksisretta. Eg avgjorde tidleg at eg ønska praksis i distriktet og gjerne eit stykke frå Oslo. Finnmark hadde eg aldri vore i før, men hadde lenge ønska å bli kjent med denne delen av landet. Google-søket ‘museum i Finnmark’ leia meg, til mi store glede, raskt til Grenselandmuseet i Kirkenes. Her nærmar dei tre månadane seg dessverre omme, eg har likt meg utruleg godt.
Praksisdagane er svært varierte. Eg jobbar blant anna med rydding, registrering og magasinering av ei fotosamling. Då dukka denne vetle skatten opp:
Det må vere ein glad, kan hende også varm vårdag i 1971 som ein kan sjå av datomerkinga på høgre side. Truleg er det teke 17. mai, medan merkinga viser kor tid bildet blei framkalla.
Kanskje nokon av Varanger musea sine gjester kjenner meir av historia bak dette bildet?
Eg får også vere med på synfaring av lokale der me samlar inn gjenstandar til museet. Og formidling og møter med museumsgjester og andre gjennom til dømes Den kulturelle skolesekken er og ein del av arbeidskvardagen min. Ved Varanger museum og Grenselandmuseet får ein, som praksisstudent, eit godt innblikk i dei innhaldsrike dagane museumsverda kan by på. Og ein blir teke svært godt i mot av flotte kollegaer.
Eg trivs så godt ved museet og i området generelt at eg kjem tilbake og blir verande eit halvår ekstra for å skrive masteroppgåva. Om ein i utgangspunktet ikkje hadde bestemt seg for å tema til masterprosjektet sitt er det ei lang rekke problemstillingar å velgje i frå dette området.
Aust-Finnmark er eit mekka av spennande folk, landskap, tradisjonar, konfliktar og historier.
Eg vil anbefale alle på det sterkaste å ha sitt praksisopphald her i området. Gjerne ved eitt av Varanger museum sine avdelingar i Kirkenes, Vadsø eller Vardø.
Karina Solheim
