«Vi møtes igjen under friere forhold!»

«Vi møtes igjen under friere forhold!»

8. mai: Frigjerings- og veterandagen

«Tak for utmerket godt samvær i Tr-dalen og på Grini. Vi møtes igjen under friere forhold til byggende arbeide for landet og folket vort»

Denne helsinga vart skriven inn i notatheftet til Magnus Jørgensen, truleg mellom 8. og 10. mai 1945 då eit langt fangenskap under den tyske okkupasjonsmakta var kome til sin slutt. Helsinga var ført i pennen av tidlegare stortingsmann og fiskeriinspektør i Tromsø, Aldor Ingebrigtsen, som var medfange både i Tromsdalen og på Grini. Notatheftet er i dag oppbevart ved Varanger museum, avdeling Vardø.

Magnus Jørgensen. 1940 – 1941

10. oktober 1941 blei Jørgensen arrestert av den tyske okkupasjonsmakta på grunn av sin politiske aktivitet. Før krigen var han formann i Vardø NKU (Norges Kommunistiske Ungdomsforbund). Over heile perioden og fram til frigjeringdagen 8. mai 1945 hadde han vore i kontinuerleg fangenskap i Vardø, Vadsø, Kirkenes, og på Sydspissen og Tromsdalen («Krøkebærsletta»). I Tromsdalen varte fangeopphaldet i to år og i september 1944 vart han overført til Grini fangeleir. 

Heftet innheld teikningar av fangeleirane og ber preg av at han ønskte å halde kontakt med mange av sine medfangar. Med ulike handskrifter er det ført inn mange namn med fangenummer og adresser til både inn- og utland. Tromsø, Levanger, Hardanger, Jessheim, Estland, Russland og Frankrike. I tillegg inneheld heftet dikt og adresser/telefonnummer til ulike kontor og forretningar.

I Norsk fangeleksikon er «Kommunistsak» oppført som årsaka til fangenskapet. I ei avskrift av eit lydintervju som ligg i Vardø museum sitt arkiv, trulig utført på 1980-talet, har Jørgensen sjølv fortalt at han blei sett i fangenskap som eit sikringstiltak. Det var kjent at han var ein sentral person i NKP i Vardø. Han blei arrestert i Kiberg, saman med far sin som sat 6 mnd i fangenskap i Vardø før han blei lauslatt. 

Magnus Jørgensen var bror til Solveig Berg (født Jørgensen). Solveig reiste til Sovjetunionen etter at ektefellen Gunnar Berg saman med to russarar blei drept av tyskarane under ei skotveksling i Langbunes i oktober 1941. Han var då på etteretningsoppdrag for den Røde Armé. Solveig blei verande i Sovjetunionen fram til juli 1946. Frå 1943 hadde ho arbeidd som ei av stemmene for Radio Moskva og var ein del av det vesle norske radiomiljøet som sørgde for Moskva sine sendingar til det okkuperte Noreg.

Magnus  Jørgensen var del av ein musikalsk familie og meinte sjølv at det var dei musikalske evnene hans som redda han frå å bli henretta under fangenskapa. Han spelte gitar og underhaldt. I tillegg bidrog han i kjøkkenarbeid. Etter frigjeringa reiste han tilbake til Vardø der han blei buande resten av sitt liv.

Publisering frå materialet er gjort med samtykke frå Magnus Jørgensen sine etterkomarar. Materialet er tilgjengeleg for publikum på lesesal og er også tilgjengeleg i digital utgåve.