Vil du dele dine minne om turnhallen med oss?

Vil du dele dine minne om turnhallen med oss?

 I samband med eit formidlingsprosjekt ønskjer Vardø museum å samle folk sine minne som de har hatt i samband med bygget, aktivitetane og verksemdene som har vore der til ulike tider. Det kan også vere historiar du har høyrt eller tankar du har hatt om aktivitetane i bygget. Minna kan vere korte eller lange, gode, humoristiske eller triste – vi er interessert i dei alle. Minna kan skrivast i kommentarfeltet eller sendast på e-post til: vardo@varangermuseum.no. Del gjerne denne saka! Tusen hjarteleg takk!